Kopi av About Landing DO NOT EDIT, MAKE A COPY.png
 

Det starta med at eg endelig kjende etter.

Alle er fødd med ei magekjensle for kva dei ynskjer å drive med i framtida.

Eller rettare sagt sine eigne sære interesser. For meg har den kjensla alltid dreia seg om at eg ynskjer å skape noko som eg kan stå for og var stolt over. Eg visste også at det skulle var noko kreativt, at eg måtte tilfredsstille behovet for å sjølvutvikle meg slik at eg fekk gi næring til den evige studenten i meg, og gi rom for å var evig nyskjerrig på ny kunnskap.

Dette leia til at eg starta opp med eige fotostudio, og slukte det eg kom over av bøker og kurs. Til slutt fann eg meg ein stad der eg ynskja å lære meir om det å drive for seg sjølve enn å drive eige fotostudio. I møte med andre grundere kunne eg sitte altoppslukt å høyre på historiane deira, fulle av lidenskap, energi og engasjement. Desse historiene burde vore det fyrste også kundane fekk møte, for det seier så mykje om personane som legg sjela si i bedrifta dei skapar. Eg likte å dele det eg kunne om starte eiga føretak, i forhold til å danne eit solid fundament for vidare vekst. Oftare og oftare blei eg kontakta av nyskjerrige grundere som ynskja å starte opp sin eigen arbeidsplass, eller å ta ei allereie etablert bedrift vidare for å nå fleire kundar. 

Slik starta MN studio på nye vegar, og er no eit kreativt studio som brenn for å dele historiar ut gjennom ei synleg, sikker og konsekvent merkevare. 

Eg ønsker å dele historiar med kjensle av at ein blir kjend med kvarandre over ein kopp kaffi og ein god drøs. Historiar har som kjend alltid samla saman mennesker, og er dei virkelig gode så blir me sitjande.

 



 
_MG_4830.jpg

……

Så, eg håpar eg kan hjelp deg som driv mindre føretak med å synleggjere deg og di merkevare i ei online verd. Ved å flette dine historiar saman til ein personlig identitet, får du ei særeigen profilering klar til å hoppe inn i ei online verd!

Har du lyst å starte opp eiga bedrift å jobbe med det aller kjekkeste du veit? Eller kanskje du allereie har hoppa i det?

Set du no å tuklar med det tekniske for å bli klar for facebook og instagram, og tenkjer at du har meir enn nok med å forstå din eigen telefon?

Då er det fint å vite at slike som meg syns akkurat dette er kjempe kjekt, og at slike som meg gler seg til å hjelpe deg!:)

Eg er din digitale fyrstehjelp som får deg til å gløde på internett.