Kule verktøy for Instagram

Her kjem det, heilt kort, noko kult til Instagram!

Linktr.ee  – Har du lagt merke til at nokon profilar har i «bioen» sin (det er kort sagt i teksten under profilbilde;) ) ein link til FLEIRE linkar? Instagram gir deg berre tilgong til å dele ein einsleg link, som ofte er til heimesida di. Men, du har kanskje fleire linkar du vil dele, og då er “Linktr.ee eit supert verktøy! Dette verktøyet gir deg muligheit til – som det kjem fram av namnet, å sette fleire linkar i eit tre!

Det er veldig lett å sette opp, installere og administrere! I Linktr.ee kan du enkelt legge til knappar som er kopla til ulike linkar, og gi desse eit namn. Den gir deg også ei oversikt over kor mange klikk du har hatt på kvar link. Det kan du sjå som eit lite tal over ein graf, som er nederst til høgre på kvar av desse linkane du set opp. Kult?!:) Då kan du sjå kva linkar som tiltrekk publikum og ikkje.

For seg som bygger liste, er det ideelt å sette ein link til «freebien» ( eller «champagne» som Hilary Rushford så delikat kallar det) din, og du kan enkelt få statistikk på aktiviteten. Samtidig som du bygger lista di  

Planoly – Å, denne er så digg! Her kan du planlegge postane dine til Instagram, med bilde, tekst (såkalla capction) og # (hashtag). Du kan gjer posten din heilt klar, og legge inn dato og tid for kva tid du skal poste den. Denne posten blir ikkje automatisk lasta opp til Instagram, men gir deg ein varsel på det planlagte tidspunktet, og du må sjølv klikke deg gjennom for at den blir endelig posta. Denne appen for automatisert posting til Instagram er også å finne i andre variantar som – Later og Preview.app, men Planoly er desidert min favoritt.. kanskje det er for at den er så delikat;)

Når det kjem til redigering av bilda for Instagram, så er det mange å ta av.

Eg likar vest Vsco, som har mange fine redigeringsløysingar. Men Enlight, VidLab og Plotagraph er også noko for seg sjølv. Her kan du skape bileter med bevegelsar!

Canva må også nemnas! Dette er eit verktøy til bruk både gjennom ein app og på nettet. Her finn du mange ferdige oppsett til postar for Instagram (og andre sosiale medier), både til griden din og til «storyen» din:)

 

No har du litt å sjekke ut, har du eit knas av eit verktøy du brukar, så del gjerne! Alltid kjekt å teste ut noko nytt…

Eller Anders blir litt lei av meg då, for eg forsvinn liksom inn i telefonen ei stund då.. he he