Gjer Instagram til eit verktøy som gir kundar

Har du laga deg ein plan på kva du vil med instagrammen din? Er det å få fleire potensielle kundar?

Sjå føre deg korleis den mest fantastiske kunden din er, kva som gjer at du skulle ønske alle var som ho. Korleis er din Super Match av ein kunde? Lag deg eit tankekart med namnet på denne kunden (som du no diktar opp), og skriv ned alle eigenskapane ho har. tenk så vidt og breitt at denne tenkte kunden blir like kjendt for deg som bestevenen din. Då blir det plutselig enklare å lage innhold som treff din Super Match, for du veit kva ho treng hjelp til, kva ho har råd til, kva utfordringar ho drøymer om å få løyst. Du veit rett å slett betre kva du kan bistå kunden din med. Dette er å skrape i overflata, men det er ein god start:)

Min Super Match heiter Diis, er gründerdame med tre born og mann. Ho er nyskjerrig, kreativ og har gjennomføringskraft. Ho elskar å ta ein kopp kaffi på sjarmerande små kafear. Du blir smitta av latteren og humoren hennar, og ho deler av heile seg  Dette er ei dame som veit kva ho vil, og ynskjer å auke kundekretsen sin ved hjelp av sosiale medier. Dette har ho høyrd at skal var eit supert verktøy, men ho kjem ikkje i gong! Detter er nemleg noko ho verken har tid til, forstår seg på eller ynskjer å settje seg inn i. Det er noko som berre «må fungere»!