Finn stemma i merkevara di

Det er ein jungel av ting ein skal hugse på når ein skal få til ei gjennomført merkevare. Ei gjennomført merkevare gjer deg synleg i den store verda, og hjelp deg til å skilje deg ut frå konkurrentane. Det er som kjend mange vegar til Rom, så det er berre å starte i ein ende. Eg driv om dagen og utfordrar meg sjølv, og nest på lista mi skal eg finne MI stemme for «merkevara» mi.

Den skal var noko du er konfortabel med, og gjenkjennbar. Du skal kjenne eit personleg eigarskap til den, og den skal reflektere merkevara di i språkleg form. Den beste måten å finne denne stemma, skal var gjennom å skrive mykje. Du øver deg og blir betre gjennom kvar tekst du jobbar deg gjennom, og resultatet treng ikkje var ein bloggpost. Det er ikkje alt som treng å publiseras, her er det skrivetrening i seg sjølv og trening av denne «muskelen» som tel.

Eit tips er å skrive dagbok, på den måten får du kjenne på det å dele noko personleg. Eg har i ei årrekkje skreve dagbok. Det blei ein kanal for å klarne hovudet, og kista mi er full av flaue dagbøker frå ungdomstida.. he he. No om dagen er dette blitt i meir faktaform som «I dag var det 5 grader og regn. Vilja var på besøk hjå Tiril. Alva var på speidaren, og Tindra hang i skjorta på morfar. Anders jobba overtid». Litt kjedeleg til samanlikning, men eg kan sjå essensen av kva som har skjedd i livet mitt bakover i tid. Dette er eit arbeid som gir meg mykje, berre i det å vite at eg har gjort det liksom. Eg vil på mange måtar sei at «dagbokformen» lærer deg å bli personleg, og det kjem godt med når ein skal gjer seg sterk og synleg der ute i det store havet av andre som sjølvsagt er mykje betre enn deg… føler du.

Det at me deler av oss sjølv, viser personen bak verkevara di, gir ein menneskeleg dimmensjon til det. Både du og eg veit at me likar å kjenne at me «kjenner» den me søkjer hjelp/ tenestar av. Me tek fyrst og fremst kontakt med menneske me kjenner.

No er det berre å setje i gong å skrive, trening gjer meister;)

Dersom du i tillegg skulle ynskje å dele med meg korleis du løyser denne oppgåva med å finne «di stemme» gjennom merkevara di, så blir eg super glad!:)