Big Magic

Eg er ikkje den som skal skryte på meg at eg les mykje bøker, men det hender inni mellom. No om dagen les eg boks Big magic av Elisabeth Gilbert, og den er faktisk magisk!

Elisabeth fortel om ulike tankar og filosofiar kring det å leve kreativt. Ho har så mange fine synspunkt og forteljingar om det å leve eit kreativt liv, og korleis ein skal forholde seg til alle utfordringar som fylgjer med. Ho fortel om korleis ein ide ikkje er din, men noko som har si eiga «sjel» eller «liv». Idear eksisterar i eit eige rom i kring oss, og korleis desse ideene til ei kvar tid jaktar på den rette personen å forplante seg i. For ein ide streifar oss ofte, men det er ikkje alle idear me tek på alvor og tek ta i. Dersom me let ideen fare forbi, meinar Elisabeth at den fortsett til ein ny vert, til nokon tek tak i den. Ho meiner det er difor me opplev kjensla av at nokon stel ideen vår, for den streifar fleire før den blir gjort noko med. For ein fantastisk måte å forholde seg til idear på!

Vidare har ho eksemplar på korleis ei dame som skreiv dikt, hadde fortalt ho korleis dikta kom til ho. Å då var det ikkje i form av ein lys ide, men i form av noko ho kunne høyre på avstand! Ho høyrde diktet kome galopperande på lang avstand! Crazy! Då sprang ho for å finne penn og papir for å var klar når diktet tok ho igjen. Så strøymde diktet gjennom ho og pennen, og ned på papiret. Somme gonger rakk ho ikkje å få tak i diktet, men då kunne ho få tak i halen på det, og halte det inn. Då kom diktet frå slutten, så ho byrja å skrive diktet frå slutten til start. Altså siste ordet kom på papiret fyrst, og det fyrste ordet i diktet kom sist! Eg blir heilt mållaus.. så fasinerande.

Inspirasjon er også noko som Elisabeth set ord på, på fasinerande vis. Den kjensla av å få ståpels og frysningar, fordi du blir inspirert. Det er ikkje noko ein skal ta for gitt, men omfavne og utnytte til det fulle. Inspirasjon er vel som kjend ikkje noko ein kan mane fram, men noko som plutselig oppstår når fleire faktorar klaffar. Det skjer med andre ord sjølvsagt ikkje på dei mest lagdelene tidspunkt, så dette må me ta på alvor når det oppleves.

Litt på sida av denne boka, dreg eg parallellar til noko herlige forfatter Janne Nerheim sa til meg om måten ein ser på sine eigne tankar. Ho hadde lærd seg teknikken mindfullness, og fortalde korleis dette fungerar i forhold til tankar. Det å sjå på tankane som ei straumande elv, der du observerar tankane som flyt forbi. Når tankar som er verd å tenkje meir på eller gjer noko med, tek du dei ut av elvestraumen/ tankestraumen. Tankar ellers let du fare forbi. Eg elskar måten ho oppsummerte dette på, noko som var veldig befriande. Du kan kronikken ta på alvor alt du tenkjer, for det er jo ikkje sånn at du meiner alt du tenkjer. Då kan ein jo fort ta seg sjølv for å var sinnssjuk! Elskar det! «Godt å høyre ei fornuftig forklaring på det» har eg alltid tenkt, eg er ikkje sinnssjuk sjølv om eg har mykje løgne tankar! Ha ha ha. No skal eg fortsetje å lese om Big magic, kven veit kva andre godsaker som dukkar opp.Ha ein god kveld alle:)

/Monica

StudentenMonica Nesheim