5 tips som gir organisk vekst av Instagram

Her kjem 5 tips for organisk vekst av instagram, og som enkelt kan gjennomføras med det same.

Dei er enkle, raske, spesifikke, men har mykje å bety for strategisk vekst av instagram.

Tips N°.1

Behandle instagram som ein del av alle plattformane du nyttar for merkevara di, der du linkar til facebooksia di, bloggen din, nettsida eller evt landingssider. Gjennom å oppfordre til å klikke seg ut av instagram og inn på andre plattformar, gjer du deg ikkje heilt avhengig av instagram som den einaste staden du får kundestraumen frå. Det gjer også at du er betre rusta dersom det plutselig skjer noko med instagram, som tid. nye algoritmer eller at du blir hacka.

Instagram let deg berre linke til ein link i profilen din. For å kunne lede trafikk strategisk til andre sider, er Linktr.ee eit fantastisk reiskap. Ved bruk av Linktr.ee, som blir linken du legg i profilen din, opnar det seg eit «tre» av linkar. I dette «treet» legg du inn dei linkane du ynskjer å leie trafikk til. Då kan du fint referere til «link i profil» og ein spesifikk bloggpost, landingsside, OPT-IN (dersom du allerede er i gang med listebygging) ol, utan å måtte endre på linken i profilen heile tida.

Tips N°.2

# – No har instagram opna for at du kan følge ein spesifikk #. Dette gjer det mogleg å opprette ein # spesifikt for di merkevare, slik at innhaldet ditt enkelt kan sorteras ut i eit relevant søk. Dette gjer også at du hamnar framfor folk som ikkje er innom profilen din, men som søkjer opp # du brukar.

Du kan få følgjarar på profilen din, men no kan du altså få «følgjarar» også av ein #, noko som gjer det smart å aktivt bruke ein eigen # for merkevara di.

Smart bruk av # er nyttig, ettersom det er rom for tretti # på ein post. Då er det lurt å bruke ein # som ikkje er oversvømt av innhold, slik som #mat, #reise, #planar osv, men spesifisere dei meir som eksempelvis #fiskemat, #afrikareise og #arkitektplanar.

Vidare er det også nyttig å bruke # i storyen din på det du deler der, og ein tag for lokasjon. Dette gjer at du hamnar i den øverste «lesaren», i søk på # eller lokasjonar.

Altså hamnar du i 24 timar (som er lengda på eit innlegg i storyen) på super plassering hjå dei som søkjer veldig spesifikt og relevant innhald.

Tips N°.3

Del innhold av verdi, og ikkje berre for salg!

Dette kan var tips og andre smarte grep som er av verdi for ditt publikum. Det å dele innhold av verdi, er med på å skape tillit til deg/ di merkevare. Ein annan ting er at det statistisk sett skapar større engasjement i profilen din, ved å synleggjere kven som er bak merkevara, altså du som person. Postar med mennesker/ ansikt får statistisk sett betre engasjement frå publikumet ditt. For å finjustere kva type innhald du skal legge ut på instagram, er det nyttig å sjekke ut statistikken over kva postar du har som skapar størst engasjement/ klikk/ kommentarar. Dette kan du gjer inne i instagram appen (symbolet øverst med statistikk søyler).

Dersom du bruker ein annan app for å planlegge postinga di, slik at kan ha ein ferdig plan over feeden din fleire dagar framover, har du oversikt over slik statistikk i desse også. Eksempelvis er Planoly og Preview.app eit godt verktøy for planlegging, og det blir enklare å organisere ein samangengande, delikat og inspirerande feed.

Tips N°.4

Var aktiv på instagram i form av å kommentere og like andre sine postar. Det er enda ein måte å bli synleg der ute på instagram. Er du litt strategisk også og bruker tid på å leite opp relevante profilar eller geografiske stader, møter du på potensielle samarbeidspartnerar eller kunder. Ved å legge igjen ein kommentar i feeden deira gjer du deg synleg, og skapar moglegheiter for vidare kommunikasjon.

Tips N°.5

Bruk aktivt instagram stories. Aktiviteten på instagram har gått litt meir mot å bla seg gjennom instagram storien øverst, enn å skrolle seg gjennom feeden.

I og med at algoritmen og måten me nyttar instagram på forandrar seg heile tida, er det fordelaktig å tenke kreativt på korleis ein kan skape engasjement på instagram. Så tenkt utanfor boksen på korleis du kan kome deg i feeden til andre:)

Då er det berre å sette i gong, lykke til:)

– Monica