Korleis la andre bli kjend med deg og ditt føretak med enkle verktøy

nett__MG_8314.jpg

 

Litt inspirasjon, Instagram læring, kulinarisk ostesmaking, te- og kaffi-pøsing, alt låg til rette for ein lang kvald på Skjærsvik gjestehus! På onsdag hadde me endelig samling igjen, Grunderfruene. Tenk ein gjeng med så ulikt utgangspunkt og så ulike føretak, kan ha så mykje til felles.

I den forrige blogposten min delte eg at eg var gjest på ein podcast, Gnist av Annette Idsø. Ho tok kontakt med meg etter å sett ein instagrampost eg hadde delt, med #communityovercompetition.

Kva betyr det, sa ei går.

Å det betydde vel akkurat det me sat å gjorde der rundt kjøkkenbordet. «Samhold framfor konkurranse». Me samlas med eit felles utgangspunkt, at me alle har vårt eige føretak som me jobbar og har visjoner for. Det er liksom utgangspunktet for at me er der, og med dette til felles har me også mangen av dei same utfordringane. Dette er ein kveld der me utvekslar siste nytt på kvar vår front, det siste trikset me har lærd oss, og kva som har gjort at me har fått eit grått hår meir sidan sist!

På onsdag hadde me ein liten mini workshop, der me skulle pusse opp litt i instagramprofilen vår. No er det «all-inn» på instagram stories! Målet var ikkje å bli super god på alt i løpet av kvelden, men å legge til rette for at det blir enklare å ta det i bruk. Ja, for fleire her hadde enda ikkje brukt denne muligheten til å dele og å bli kjend med følgerne sine! Yvonne som har nettbutikken PRIKKAR har også verdens koseligste butikk. Men visste du det? Eg meiner det, midt i Etne ligg det ein butikk full av prikkar, i eit nostalgisk hus med historisk sus. Eg visste ikkje at det fantes så mangen ting med prikkar på, så verden blir fort litt «prikkete» etter at du fyrst har fått augene opp for dei. Så no har ho lagt til rette for at du og meg skal få sjå meir av butikken hennar i Instagramhistoriane, og at det skal bli enkelt å lagre høgdepunkt i egne «bolkar» (med eigne framsider). Ooo, tenk å få sjå glimt av butikken når det blir jul!

Det er eigentlig ganske enkelt å tilrettelegge instagramprofilen din for å ta i bruk Instagram stories, ialleall viss du bruker enkle verktøy (eg har linka eit par gode nederst i posten til deg). Me brukte Canva for å lage «framsider» til alle dei lagra høgdepunkta. Fyrst lasta me opp eit bilete i Canva som inneheldt logoen til Prikkar, slik at me kunne hente ut fargekoder for å lage ei framside til høgdepunkta som matcher brandinga hennar. Det måtte sjølvsagt bli rosa og grønne prikkar;) Deretter opprettar du «instagram-historie» som er eit val inne i Canva. Dersom du skal lage framsider som er einsfarga, så kan du legge ein farge på som bakgrunn på heile flata. Då set du att med ei einsfarga side som du lagrar. Deretter lastar du den opp i historien din på Instagram, klikker på hjarta nede i høgre hjørne, klikker på «nytt» for å opprette den nye høgdepunktsknappen i profilen din, og redigerer namn på den. Etterpå klikker du deg inn på den nye hødepunktsprikken som no ligger synlig i profilen din, klikker «meir» nede i høgre hjørna og velger rediger høgdepunkt. Klikk «rediger forside» og velg det bilete du no skal ha som framside. Voala! Du har no laga deg ein knapp for lagra høgdepunkter. Her kan du lage fleire, ganske mangen om du vil. Tenk på det som kategoriar for det du deler i Instagram story (historie), for Yvonne blei det fire knappar, ein for butikk (for me har jo lyst å sjå korleis ho har det i den heilt ekte butikken!), inspirasjon – som skal få bileter av prikkar Yvonne ser over alt, Gjenbruk og Nye Prikker. Eg kjenner at eg gler meg til å sjå meir her. Det kjekkaste med dette er jo at det faktisk blir enklare å legge ut noko i kvardagen, for Instagramhistorien din øydelegg ikkje for bildegalleriet ditt. Dei blir skjult bakom fine framsider for høgdepunkta dine, og lagar ikkje rot på profilen din;)

Eg må også nemne dei andre som fekk oppgradert seg; Hjertehagen rakk me også å gi ein liten overhaling, så no må du inn å sjå på korleis den ser ut! Med utgangspunktet “god som gull”, er det ingen tvil om at dette er tankesettet til Bente i alt ho gjer for andre! Ute på Skjærvik driv ho med terapi i Hjertehagen, og Gjestehus for deg som vil ta ein timeout og berre “være”.

Kven treng vel ikkje timeout i dag?

 

Så, er du klar til å ta i bruk Instagram Story?

 

Her er tips til verktøy å leike seg med, som hjelp deg til å skape historiar på farten;)

Canva (favoritt)

Over

Unfold (favoritt)

/ Monica 

 

 

Monica Nesheim