
5 tips til organisk vekst av Instagram

Eg er ikkje den som skal skryte på meg at eg les mykje bøker, men det hender inni mellom. No om dagen les eg boks Big magic av Elisabeth Gilbert, og den er faktisk magisk!
Elisabeth fortel om ulike tankar og filosofiar kring det å leve kreativt. Ho har så mange fine synspunkt og forteljingar om det å leve eit kreativt liv, og korleis ein skal forholde seg til alle utfordringar som fylgjer med. Ho fortel om korleis ein ide ikkje er din, men noko som har si eiga «sjel» eller «liv». Idear eksisterar i eit eige rom i kring oss, og korleis desse ideene til ei kvar tid jaktar på den rette personen å forplante seg i. For ein ide streifar oss ofte, men det er ikkje alle idear me tek på alvor og tek ta i. Dersom me let ideen fare forbi, meinar Elisabeth at den fortsett til ein ny vert, til nokon tek tak i den. Ho meiner det er difor me opplev kjensla av at nokon stel ideen vår, for den streifar fleire før den blir gjort noko med. For ein fantastisk måte å forholde seg til idear på!
Kvardagsbilete!
Har du tenkt på kva dette faktisk er? Det er bileter som fangar gjennkjennelege situasjonar og augeblink frå kvardagen. Har du tenkt over at historiane du hugsar frå tida bakover, ofte botnar i eit bilete du har. Det er kanskje eit einsleg bilete, men likevel hugsar du heile historia kring det. Du kan nesten kjenne lukta og stemninga att, berre med eit glimt av dette einslege bilete.
Eg tilstår.
Eg tilstår at eg ikkje fekk det til. Eg starta opp med friskt mot, den store draumen og det høgaste ynskje. Eg skulle gjer det eg kjende meg skapt til å gjer. Eg skulle starte mi eiga bedrift! Ikkje minst, eg skulle starte fotostudio! Eg skulle ta bilete for å skape, like mykje som for å ta vare på augeblink i nokon sitt liv.
Eg elskar alt som luktar skinn. Finn eg vesker, lommebøker, omslag og elles anna, som luktar av skinn, så har eg automatisk lyst på det! I tida eg jobba i den lokale butikken som sumarvikar, var mitt høgaste ønske lommeboka til ein av stamkundane. Den slitte svarte lommeboka i skinn, som også kunne ha plass til ein nøkkel. He he, eg hugsar at eg i den tida gjekk å leita etter noko som kunne var tilsvarande, men fann aldri noko som var likt nok. Eller den trufaste veska til ein tidlegare pensjonert kollega, som han hadde hatt med seg papirene og lunsjen i i over tretti år. Berre sjå for deg den patinaen!
Det er ein jungel av ting ein skal hugse på når ein skal få til ei gjennomført merkevare. Ei gjennomført merkevare gjer deg synleg i den store verda, og hjelp deg til å skilje deg ut frå konkurrentane. Det er som kjend mange vegar til Rom, så det er berre å starte i ein ende. Eg driv om dagen og utfordrar meg sjølv, og nest på lista mi skal eg finne MI stemme for «merkevara» mi.
No har eg i over eit år studert og fordjupa meg i ei eventyrverd – Gründerverda
Ei verd der ein må kunne alt om korleis du skal markedsføre deg i digitale medier, hvordan du skal bruke instagram effektivt i bedrifta di og for ikkje å snakke om kor det er viktig med eiga facbook side!
Kva er boudoir? Boudoir er fransk og betyr i historisk samanheng, det private soverommet eller påkledingsrommet til ei kvinna.
Denne type fotografering kan utføras på fleire måtar, det er ikkje noko fasit. Hovudsaken er at ein er noko avkledd, i td. undertøy, lett tildekka slik at ein viser mykje hud. Det er opp til kvar einskild kor mykje avkledd ein kjenner seg komfortabel med.