Monica Nesheim Studio
  • Blogg
  • Historia mi
  • Kontakt
  • Portfolio
  • Foto Info
    • Prisar
    • Valg av klede
    • Praktisk om rettigheiter
    • Samarbeids partnerar

5 tips til organisk vekst av Instagram

Her kjem 5 tips for organisk vekst av instagram, og som enkelt kan gjennomføras med det same.
Dei er enkle, raske, spesifikke, men har mykje å bety for strategisk vekst av instagram.

Tips N°.1
Behandle instagram som ein del av alle plattformane du nyttar for merkevara di, der du linkar til facebooksia di, bloggen din, nettsida eller evt landingssider. Gjennom å oppfordre til å klikke seg ut av instagram og inn på andre plattformar, gjer du deg ikkje heilt avhengig av instagram som den einaste staden du får kundestraumen frå. Det gjer også at du er betre rusta dersom det plutselig skjer noko med instagram, som tid. nye algoritmer eller at du blir hacka.
Instagram let deg berre linke til ein link i profilen din. For å kunne lede trafikk strategisk til andre sider, er Linktr.ee eit fantastisk reiskap. Ved bruk av Linktr.ee, som blir linken du legg i profilen din, opnar det seg eit «tre» av linkar. I dette «treet» legg du inn dei linkane du ynskjer å leie trafikk til. Då kan du fint referere til «link i profil» og ein spesifikk bloggpost, landingsside, OPT-IN (dersom du allerede er i gang med listebygging) ol, utan å måtte endre på linken i profilen heile tida.
Tips N°.2
# – No har instagram opna for at du kan følge ein spesifikk #. Dette gjer det mogleg å opprette ein # spesifikt for di merkevare, slik at innhaldet ditt enkelt kan sorteras ut i eit relevant søk. Dette gjer også at du hamnar framfor folk som ikkje er innom profilen din, men som søkjer opp # du brukar.
Du kan få følgjarar på profilen din, men no kan du altså få «følgjarar» også av ein #, noko som gjer det smart å aktivt bruke ein eigen # for merkevara di.
Smart bruk av # er nyttig, ettersom det er rom for tretti # på ein post. Då er det lurt å bruke ein # som ikkje er oversvømt av innhold, slik som #mat, #reise, #planar osv, men spesifisere dei meir som eksempelvis #fiskemat, #afrikareise og #arkitektplanar.
Vidare er det også nyttig å bruke # i storyen din på det du deler der, og ein tag for lokasjon. Dette gjer at du hamnar i den øverste «lesaren», i søk på # eller lokasjonar.
Altså hamnar du i 24 timar (som er lengda på eit innlegg i storyen) på super plassering hjå dei som søkjer veldig spesifikt og relevant innhald.
Tips N°.3
Del innhold av verdi, og ikkje berre for salg!
Dette kan var tips og andre smarte grep som er av verdi for ditt publikum. Det å dele innhold av verdi, er med på å skape tillit til deg/ di merkevare. Ein annan ting er at det statistisk sett skapar større engasjement i profilen din, ved å synleggjere kven som er bak merkevara, altså du som person. Postar med mennesker/ ansikt får statistisk sett betre engasjement frå publikumet ditt. For å finjustere kva type innhald du skal legge ut på instagram, er det nyttig å sjekke ut statistikken over kva postar du har som skapar størst engasjement/ klikk/ kommentarar. Dette kan du gjer inne i instagram appen (symbolet øverst med statistikk søyler).
Dersom du bruker ein annan app for å planlegge postinga di, slik at kan ha ein ferdig plan over feeden din fleire dagar framover, har du oversikt over slik statistikk i desse også. Eksempelvis er Planoly og Preview.app eit godt verktøy for planlegging, og det blir enklare å organisere ein samangengande, delikat og inspirerande feed.
Tips N°.4
Var aktiv på instagram i form av å kommentere og like andre sine postar. Det er enda ein måte å bli synleg der ute på instagram. Er du litt strategisk også og bruker tid på å leite opp relevante profilar eller geografiske stader, møter du på potensielle samarbeidspartnerar eller kunder. Ved å legge igjen ein kommentar i feeden deira gjer du deg synleg, og skapar moglegheiter for vidare kommunikasjon.
Tips N°.5
Bruk aktivt instagram stories. Aktiviteten på instagram har gått litt meir mot å bla seg gjennom instagram storien øverst, enn å skrolle seg gjennom feeden.
I og med at algoritmen og måten me nyttar instagram på forandrar seg heile tida, er det fordelaktig å tenke kreativt på korleis ein kan skape engasjement på instagram. Så tenkt utanfor boksen på korleis du kan kome deg i feeden til andre:)
Då er det berre å sette i gong, lykke til:)
– Monica

Filed Under: Gründer, Instagram, Merkevare, Synlighet

Share

Facebook Google+ Twitter Pinterest Email

Comments Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to Blog

Spanande nyheiter rett i postkassa!

Siste innlegg

  • 5 tips til organisk vekst av Instagram
  • Søndagsmagi
  • Kvardagsbilete som fortel historia slik du kjenner den
  • Eg tilstår
  • Kjekke rekvisitter

Kategorier

  • Bryllaup
  • Foto
  • FOTOTIPS
  • Gründer
  • Instagram
  • Kalligrafi
  • kvardagsbilete
  • Merkevare
  • sjølvhjelp
  • Stationary
  • Synlighet
  • Trykksaker

Litt om meg


Dette er meg, Monica. Eg ho som aldri stoppar å lure på ting eller stille spørsmål. Du finn meg ofte bak kameraet mitt, lyttande til ein podcast eller i møte med inspirerande menneske - gjerne i diskusjon om smart bruk av sosiale medier.

Du når meg her

  • Email
  • Facebook
  • Instagram
  • Pinterest

Kategoriar

  • Bryllaup
  • Foto
  • FOTOTIPS
  • Gründer
  • Instagram
  • Kalligrafi
  • kvardagsbilete
  • Merkevare
  • sjølvhjelp
  • Stationary
  • Synlighet
  • Trykksaker

Siste innlegg

  • 5 tips til organisk vekst av Instagram
  • Søndagsmagi
  • Kvardagsbilete som fortel historia slik du kjenner den
  • Eg tilstår
  • Kjekke rekvisitter

Arkiv

  • april 2018
  • mars 2018
  • februar 2018
  • januar 2018
  • november 2017
  • april 2017
  • februar 2017
  • januar 2017
  • desember 2016
  • november 2016
  • oktober 2016
  • september 2016

SØK

Siste nytt fra instagram

  • Good morning:)☕️
Me er midt i veka godt folk! Har du fått unna det du skulle så langt? Korleis er der med deg, startar du med ein kopp kaffi eller te?
  • My weakness is daylight, and the play of shadows made by it!
☀️
When I scroll through instagram, I save images I love, find inspiring, and those who contains valuable captions. To sort them out I have categorized them, and it's now easy to find back to my inspirational source. So a quick tip, sort out your saved images - you find them under the button with three ... and "saved". ;)
  • Monday - funday🤪
I started off with way to little sleep🙈 
I’m pretty sure I’ve been a zombie look alike🤭
How was your start of the week?🙃
  • There may be no excuse for laziness, but I’m still looking👀☕️
  • I know it's a cliche, but #morningslikethis !
☀️
Har du laga deg ein plan på kva du vil med instagrammen din? Er det å få fleire potensielle kundar? Sjå føre deg korleis den mest fantastiske kunden din er, kva som gjer at du skulle ønske alle var som ho. Korleis er din Super Match av ein kunde? Lag deg eit tankekart med namnet på denne kunden (som du no diktar opp), og skriv ned alle eigenskapane ho har. tenk så vidt og breitt at denne tenkte kunden blir like kjendt for deg som bestevenen din. Då blir det plutselig enklare å lage innhold som treff din Super Match, for du veit kva ho treng hjelp til, kva ho har råd til, kva utfordringar ho drøymer om å få løyst. Du veit rett å slett betre kva du kan bistå kunden din med. Dette er å skrape i overflata, men det er ein god start:)
.
Min Super Match heiter Diis, er gründerdame med tre born og mann. Ho er nyskjerrig, kreativ og har gjennomføringskraft. Ho elskar å ta ein kopp kaffi på sjarmerande små kafear. Du blir smitta av latteren og humoren hennar, og ho deler av heile seg ❤️
  • Handpicked from my daughter, delivered with love.❤️ Årets fyrste kvitveis! Plutselig gjer det ikkje noko at lukta er fylt med ein odør som kun er våren verdig. 🙊🌱
Hevd i lufta, fuglar i trea og kvitveis i neven!
  • Dagens tips: 
Finn ut kva som engasjerar følgerane dine på instagram! Dersom du har business-profil, kan du enkelt finne dette ut ved å ta ein kikk på statistikken.
📶
Det er den knappen som har små "pillarer" øverst på instagramsida di. Klikker du vidare på "innhold", kan du sjå ei oversikt på kva post som har hatt mest kommentarar, framsyningar, klikk osv. Ganske snedig;)
▫️
Har du ikkje businessprofil, kan du få ein slik statistikkoversikt ved å t.d. poste gjennom apper som @planoly  Der kan du i tillegg planlegge postar framover i tid, noko som kan var ganske tidsbesparande!🙌🏻😅
  • I’m just sharing..
-clean
-fresh
-delightfull
.... sunbeam

Litt om meg

Eg er Monica, rastlaus i sinnet, frå Vats. Her held eg til i mitt eige studio som eg starta opp i heimen min. Eg tek bileter både i studio og på lokasjon. Her driv eg med kreative ting, og utfordrar hovudet. For det meste går tida til å fotografere:)

Abonner på nyheiter og tips

Get Social

  • Facebook
  • Instagram
  • Pinterest

Siste innlegg

  • 5 tips til organisk vekst av Instagram
  • Søndagsmagi
  • Kvardagsbilete som fortel historia slik du kjenner den
  • Eg tilstår
  • Kjekke rekvisitter

Copyright 2018 Monica Nesheim Studio | Site design handcrafted by Station Seven

Nettstedet bruker cookies for å bedre møte dine forventninger. Hvis du ikke aksepterer cookies, kan du deaktivere den i innstillingene til nettleseren din. Men det er en risiko for at enkelte funksjoner på mnstudio.no ikke vil fungere korrekt.Jeg aksepterer Finn ut mer om informasjonskapsler
Finn ut mer om informasjonskapsler